Navigere opp
Logg på
Hjelp (nytt vindu)
Frosta kommune - Enheter - Oppvekst og kultur - Frosta skole - Søknad om fritak fra vurdering med karakterer i sidemål
Hopp til hovedinnhold

Søknad om fritak fra vurdering med karakterer i sidemål

 

«§ 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Det same gjeld elevar som på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 har mottatt opplæring på internasjonale skolar og utanlandske skolar etter læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar eller annan jamgod plan.
 
Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
 
Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:
 
a) på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
 
b) ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
 
c) fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.
 
Berre den skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 3-42, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen.
 
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.»
Oppdatert: 20.12.2018 07:47
 
Frosta Kommune
Alstad, 7633 Frosta. Telefon: 74808800. E-post: postmottak@frosta.kommune.no Org.nr: 944482253. Følg oss på Facebook Facebook
Åpningstider: Vinter: 08.00 - 15.30 / Sommer: 08.00 - 15.00 (Skifter:16.mai / 15.september) | Nettstedskart
Frosta Kommune
Alstad, 7633 Frosta. Telefon: 74808800. E-post: postmottak@frosta.kommune.no Org.nr: 944482253. Følg oss på Facebook Facebook