Navigere opp
Logg på
Hjelp (nytt vindu)
Frosta kommune - Kunngjøringer - Teater - Tonje Glimmerdal
Hopp til hovedinnhold

Teater - Tonje Glimmerdal

 Forestillingen den 27.11.14 kl. 18.00 er dessverre avlyst

Forestillingen vises først på dagtid som en del av «den kulturelle skolesekken». Deretter vil det bli åpen forestilling kl 18.00. 
Billetter fåes kjøpt gjennom «kultar.no», og billetter kan hentes ut på coop Frosta. 
 
Forestillingen starter kl 1800 og målgruppen er fra seks år og opp. 
 

 
Grupper som ønsker billetter kan ta kontakt på: teater@ntteater.no eller 46 91 50 00.
 

tonje.jpg 
 
 

Tonje Glimmerdal 

Ei familieframsyning med latter, tårer og musikk 

 
Tonje Glimmerdal er snart 10 år og lever under mottoet «fart og sjølvtillit». Tonje er den einaste ungen i Glimmerdal, men heldigvis har ho Gunnvald. Gunnvald er 74 år og bestevenen hennar. Tonje er så glad i han at det knakar i hjartet. Dei to venene kan snakke om alt og kjem stadig på nye prosjekt; no skal dei lage den perfekte rattkjelken. Men, plutseleg blir alt endra og Tonje veit ikkje lenger om ho kjenner Gunnvald.

 
Regissør Elisabeth Matheson tek oss med inn i det fantastiske universet Glimmerdalen. Ein dal kor Tonje stadig set fartsrekordar på rattkjelken og ein dal som fyllast av mirakelmusikk når Gunnvald tek fram fela. Framsyninga er full av musikk, frå folketonar til klassisk musikk. I løpet av framsyninga endrar lysdesignar Marianne Wedset Glimmerdalen i takt med innbyggjarane og våren skin gjennom vinterlandskapet. Blant innbyggjarane i Glimmerdalen finn vi skodespelarar, musikarar og Jack Markussen sine uttrykksfulle dokker.

 
Nord-Trøndelag Teater sin sceneversjon av Maria Parr sitt verkelige litterære gjennombrot er ei framsyning som egnar seg for heile familien. Maria Parr blir omtala som norsk barnelitteratur si nye superstjerne og blir samanlikna med Astrid Lindgren. Ho debuterte med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som seinare vart ein TV-serie med same namn. For Tonje Glimmerdal har ho fått ei rekkje prisar, mellom anna Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen. Boka er ei av dei mest selde barnebøkene i Norge og er selt til 16 land.

 

Av Maria Parr

 
Dramatisering og regi: Elisabeth Matheson
 
Scenografi/kostymedesign/dokker: Jack Markussen
 
Lysdesign: Marianne Wedset
 
Maskør: Maren Togstad
 
Musikkprodusent: Odd Halvor Moen
 
Med: Inga Josefine Ibsdotter Lillaas, Erik Bauck Bårdstu, Hanne Brincker, Lavrans Haga, Berit Irene Øverkil og Anders J. Reitan
 

 
Oppdatert: 26.11.2014 15:44
 
Frosta Kommune
Alstad, 7633 Frosta. Telefon: 74808800. E-post: postmottak@frosta.kommune.no Org.nr: 944482253. Følg oss på Facebook Facebook
Åpningstider: Vinter: 08.00 - 15.30 / Sommer: 08.00 - 15.00 (Skifter:16.mai / 15.september) | Nettstedskart
Frosta Kommune
Alstad, 7633 Frosta. Telefon: 74808800. E-post: postmottak@frosta.kommune.no Org.nr: 944482253. Følg oss på Facebook Facebook